leserhistorie pt. 37

Eg hadde nettopp starta på vidaregåande. Eg hadde valt å flytte ganske langt vekk, og kunne berre reise heim i feriane mine. Eg var svært nøgd med valet mitt, og likte meg veldig godt i klassa eg gjekk i. Det hadde stort sett vore 4 veldig fine månader då me kom til desember, og alt skulle gå gale. 2. desember var ein søndag, og eg styrte på med mitt. Ordna litt til jul, såg fjernsyn, vaska litt. Det var ein fin dag. Eg venta besøk litt utpå dagen, og i totida kom ein av venene mine frå skulen bortom til meg. Dette var eigentleg ikkje ein kar eg kjende så veldig godt, men opplevinga me hadde saman den dagen skulle føre til mykje forskjellig i ettertid. Lat oss for ordens skuld kalle han Nils i denne skildringa. Etter eit par timar skulle Nils gå heim, og eg skulle ut i eit ærend same veg, så eg vart med. Me kledde på oss godt med ytterklede (det var -17 ute), og tusla ut på trappa. Praten gjekk vidare medan eg låste døra, og i det eg gjekk ned dei to trappetrinna kvapp Nils kraftig til. «Såg du det?» spurde han. «Herregud, var det nokon som hoppa?!» Eg vende blikket raskt ned mot gangbrua over den voldsomme elva, og i sidesynet kunne eg så vidt sjå ein skugge som dala mot den iskalde elva. Herregud, kva var det me nettopp hadde sett?! Blikka våre møttest, like forskremde begge to. Nils var sikker i si sak, han visste kva han hadde sett. Eg nekta å tru det, for slike ting hender jo ikkje. Ein blir jo aldri vitne til eit sjølvmord. Denne gongen hadde me faktisk det, og etter mykje om og men vart politiet varsla, og ein stor redningsaksjon sett i gong. Politibilar og ambulansar, mange frivillige, helikopter?herregud så redd eg var. Eg såg altså alt frå hybelen min, og visste ikkje kva eg skulle tenkje. Kva i alle dagar hadde nettopp skjedd?

Det vart ei søvnlaus natt, og skuledagen var ikkje veldig produktiv. «Den lille filmen» med det eg hadde sett, dei to sekunda den skuggen dalte mot elva, gjekk i replay i hovudet. Eg anar ikkje kva me hadde om den engelsktimen, eg hugsar ingenting. Berre noko som dalte nedover, på veg mot døden.

Det vart mykje styr med helserådgjeving, lærarar, folk som snakka med meg og gav meg klemmar (det betydde ekstremt mykje), og sjølvsagt var eg mykje saman med Nils. Me kjende kvarandre eigentleg ikkje så veldig godt, men no var me på ein måte «tvinga» til å vere med kvarandre. Han vart garantert den største støtta mi, og det var berre han som verkeleg forstod korleis eg hadde det i denne situasjonen. Det var ei vanskeleg tid, og me gjorde det me kunne for å hjelpe kvarande. Allereie dagen etter, altså 3. desember fann dei att denne mannen som hadde teke livet sitt. Det hjelpte kanskje litt, men likevel var dette heilt utruleg ekkelt å ha i hovudet. Dei neste 5 vekene vart det sparsommeleg med både eting og soving, og livet var ikkje noko særleg. Eg var framleis mykje med Nils, og kunne seie alt til han. Det er eg evig takknemleg for, han er verkeleg ein kjernekar.

No er alt dette omtrent 3 månader sidan, og eg er ganske «normal» att. Eg fungerer sosialt, eg greier å fokusere, og mat og søvn går greitt. Likevel sit alt dette framleis veldig i meg. Eg får kanskje total flash-back midt på natta, og ringer grinande til Nils for å be om råd. Plutseleg kjem eg kanskje på det, og blir heilt sett ut. Veit ikkje kva eg skal gjere. Det gjer så utruleg vondt.

Du tenkjer kanskje at «herregud, du såg ein skikkelese som dala mot ei elv, kva så?» Det skjønar eg at du tenkjer, men det stemmer ikkje heilt. Dette er så uendeleg mykje meir. Det er eit liv som har gått tapt. Eit sjølvmord som er oppklart. To unge menneske som er merka for livet. Og ikkje minst: starten på eit tett venskap mellom meg og min fantastiske ven Nils. For me fekk ein jævlig start, det gjorde me, men alt i alt så er eg evig takknemleg og utruleg stolt av å kalle han min beste ven.


Bildet er kun et illustrasjonsbilde og har ingen forbindelse med teksten. Vil du også dele din historie? Jeg lover deg at du forblir 100 % anonym hvis du ønsker det. Jeg tar meg også den retten til å redigere teksten litt hvis det trengs (skrivefeil, grammatikkfeil o.l.), slik at det er lettere for andre å lese. Jeg kommer også til å bruke et bilde som jeg har tatt selv. Send meg en e-mail: [email protected]

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg