GJESTEINNLEGG – RASP VS MODUM BAD

Eg er ei gift kvinne på 39 år, bor på landet med min mann, på sørlandet, og me har ein liten «minigård», holder også på med musikk. Eg har vore frisk av anoreksi nå i 3 år. Mange ting har hjulpe meg undervegs til å bli frisk, og også innleggelser. Avslutter innlegget med punkter som har hjulpe meg. Eg utvikla anoreksi i tenårene, eg hadde likevel betre perioder innimellom, og staheta mi gjorde eg klarte å fullføre studier og vera i jobb. (er høgt utdanna, og vært leder) Men de periodene eg var alvorleg sjuk trengte eg meir hjelp. Staheta mi kunne kome i vegen der og, for ville jo klare meg sjølv. Eg har og fått mange spm om behandlingen på både Modum og Rasp, og det vil eg og skrive om her i innlegget, då eg har vore innlagt begge stader. På Modum var eg på spiseforstyrrelse avd med kognitiv fokus, og på Rasp var eg på intensiv avdelinga, den same som Elise har vore på.
Korleis opplevde eg Modum? Eg var på Modum før Rasp. Ventetida før Modum var veldig vanskeleg for meg, og eg gjekk altfor mykje ned i vekt. Modum hadde mykje frihet som kan vera «både og». Eg ville ikkje «nok» å bli frisk då eg var der, men det hjalp meg gjennom denne kneika. På Modum er det ingen økning på måltida, man må spise full kost med ei gong, som alle og eg opplevde krevjande. Dei fyrste vekene var personalet tilstades under måltidene, men halvvegs i oppholdet var dei ikkje det.
På Modum er man og saman med 8 andre pasienter. Man har gruppe undervisning, og enkelt samtaler. Det er og eige kjøkken der alle 8 spiser måltida ilag. Kveldspersonalet må dela kvelden på alle 8, man har ingen primær kontakt, alle 8 skal behandles likt. Ein kan og ha samtale med ernæringsfysiolog om ynskjeleg. Elles har man gym timer, trur det var to gonger i veka. De har trenings rom, og ein stall i nærheta. På dagtid har man tildelt ein terapeut, trur å hugse man fekk to samtalar i veka. Dette var i 2013/2014 så prøvar å hugse så godt eg kan. Det eg hugse hjalp meg veldig godt på Modum var stallen. Eg hadde ikkje den beste motivasjonen så hadde eg hatt det, ville Modum hjulpe meg meir. Det ligger på ein flott plass. Klare man å ver delvis sjølvstending er Modum eit ypperlig opplegg.
Rasp intensiv
Her var det annleis. Då eg hadde vore på Modum gjekk det nokre mnd og eg blei raskt dårleg igjen med undervekt. Ein av orsakene trur eg, er at eg fekk for dårlig oppfølging etterpå, og eg takla svært dårleg vektoppgang. Heldigvis fekk eg raskt plass på Rasp. Her var det veldig annleis enn Modum! Her trappa de opp kostplanen, man hadde primær kontakt både dag og kveld. De fyrste vekene fekk eg ikkje lov å gå ut, alt blei gjort steg for steg, og i eit tempo eg klarte å henge med i. Eg fekk gode samtaler, sjølv om det var knallhardt kjør og. Veiing to dager i veka, eg minnes veiinga som eit mareritt hehe, blodprøver heile tida for å følgje med på det somatiske som skranta ein del. Der var de veldig flinke å sjå heilheta, det sakna eg på Modum! Rasp hjalp meg utruleg mykje, eg holdt normalvekt lenge, og de to siste innleggelsene eg hadde andre stader blei enklare pga hjelpa på Rasp. De lærte meg at mat er medisin, kroppen treng mat for å kome igjennom dagen. I tillegg hadde eg betre oppfølging etter Rasp.
Så kan eg avslutte med dei punktene som hjalp meg frisk.
  1.  Min eigen stahet, då eg klarte å gje slepp på kontrollen hjalp det meg å vera sta – dette skal eg klare!
  2. Totalen av innleggelsene eg hadde og alt eg lærte
  3. Eg forstod eg trengte ikkje flykte frå følelser, og traumer, eg trengte ikkje sulte de bort lenger, men eg kunne tåle de
  4. Min tro på Jesus, han tok vekk angsten eg hadde
  5. Eg forstod at eg er sjef i eige liv, eg klarte å forstå min verdi, og at den er uavhengig av korleis kropp ser ut, men min indre verdi.
  6. Eg møtte min mann💖🦋
  7. Musikken og sangen, eg kunne fylle livet med andre ting enn anoreksi og fokus på sjølvhat
  8. Finne meiningsfulle ting i livet, eg trur at for å bli frisk av anoreksi el andre ting, så må det byttes ut med positivt innhald i livet, og for å klare desse tinga treng kroppen næring og energi.
  9. Eg klarte og å akseptere min eigen kropp, og då den landa på normalvekt, klarte eg etter ei tid å bli veldig fornøgd, men jobba for det. Nå i dag er eg fornøgd med både kropp og utseende. Og det er fantastisk å ha energi til kvardagen!
Håpar innlegget kan vera til motivasjon og hjelp til andre. Ikkje ver redd for å ta kontakt med meg, vil gjerne støtte og heie.
Beste helsing Gunhild-Malena.

 

 

Bildene er vanligvis kun til illustrasjon, men denne gangen ønsket innsender å stå frem med navn og bilder:)Vil du også dele din historie? Jeg lover deg at du forblir anonym hvis du ønsker det. Jeg tar meg også den retten til å redigere teksten litt hvis det trengs (skrivefeil og lignende), slik at det er lettere for andre å lese. Jeg kommer også til å bruke et bilde som jeg har tatt selv, med mindre noe annet er ønsket. Send meg en e-post: [email protected]  Hvis du ønsker å lese flere leserhistorier så finner du dem under kategorier -> leserhistorier.
_______________________________________

Følg meg gjerne på FaceBook HER eller på instagram HER

2 kommentarer
    1. Så fint innlegg <3
      Jeg har også blitt frisk fra spiseforstyrrelser. Hadde anoreksi med perioder med b/p i over 15 år, men Gud helbredet meg fra det og fra angst <3 Trodde aldri jeg skulle blir fri fra det! Men allting er mulig! Ber for deg også, Elise Amanda <3

      1. Herlig så godt å høyre, ja ingenting er umulig for Jesus🌸 Kjekt å høyre du og er frisk😃👍 Blessings Gunhild-Malena

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg